Søk investeringstilskot til idrettsanlegg
Vestland fylkeskommune
Investeringstilskotet til Vestland fylkeskommune skal medverke til at regionen får fleire store idrettsanlegg som har regional og nasjonal verdi, der ein kan arrangere nasjonale og internasjonale meisterskap. Tilskotet skal òg stimulere til etablering av idrettshall og/eller symjehall i kommunar som ikkje har dette.
Retningsliner for ordninga investeringstilskot til idrettsanlegg:
Arena for større nasjonale og internasjonale meisterskap Til kommunar som ikkje har idrettshall og/eller symjehall Kven kan søkje Kommunar og andre anleggseigarar.
Kva kan få støtte Fylkeskommunalt investeringstilskot vert berre løyvd til faste bygg/anlegg. Anlegget det vert søkt om støtte til, skal vere forankra i ein vedteken kommunal plan som omfattar fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Vestland fylkeskommune kan gje inntil kr 2 mill. i støtte til kommunar som ikkje har symjebasseng og/eller idrettshall og som vil byggje denne type anlegg.
Vestland fylkeskommune kan gje støtte til kostnadskrevjande idrettsanlegg, der ein kan arrangere nasjonale og internasjonale meisterskap. Storleiken på tilskotet vert vurdert utifrå godkjent finansieringsplan, ev. godkjend kostnadssum på spelemiddelsøknaden og ev. tilskot frå andre fylkeskommunale støtteordningar.
Sakshandsaming og vedtak Forvaltningslova ligg til grunn for all søknadshandsaming i Vestland fylkeskommune. Alle søknader er i utgangspunktet offentleg tilgjengelege, jf. forvaltningslova (fvl.). Unnatak gjeld personopplysningar. Desse vert unnateke offentlegheita jf. fvl. §13. I særlege tilfelle kan utsett offentlegheit vurderast etter fvl. Avdeling for kultur og folkehelse førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i hovudutval for kultur, idrett og inkludering. Kvar søknad er eit einskildvedtak og innstilling skal grunngjevast i saksframlegget. Vedtak som fråvik frå fylkesdirektør si innstilling skal også grunngjevast. Søknadene skal i hovudsak vere handsama innan tre månader etter søknadsfrist.