Søk Erasmus+ vaksenopplæring via fylkeskommunen
Vestland fylkeskommune
Via fylkeskommunen kan tilsette som arbeider med vaksne si læring gjennomføre læringsopphald i Europa. Læringsopphalda skal bidra til kompetanseheving, styrke ferdigheiter og kvalifikasjonar, og gi moglegheit til å utveksle erfaringar med kollegaer i Europa.
Fylkeskommunen er akkreditert gjennom Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Gjennom akkrediteringa lysar fylkeskommunen årleg ut midlar til læringsopphald.
Kven kan delta? Alle som jobbar med vaksne sin læring kan delta, læringsopphaldet må vere knytt til Vestland fylkeskommune sine målsettingar.
Målgruppa er tilsette i Rettleiingstenesta, Karriere Vestland og tilsette på vidaregåande skule.
Kva kan du få støtte til? De kan få støtte til reise og opphald, og kursavgift for følgande aktivitetar:
- Jobbskygging/hospitering
- Delta på kurs
- Invitere ekspert til Noreg
Fylkeskommunen er akkreditert gjennom Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, og kan sende ein felles Erasmus+-søknad på vegne av eit konsortium, dvs. vaksenopplæringssektoren i Vestland. Deltakarar i konsortiet kan søke om midlar via fylkeskommunen gjennom heile programperioden 2021–27.
Kven kan søke?
- kommunar og vidaregåande skular
- tilsette i vaksenopplæring (formell og ikkje-formell)
- flyktningtenesta
- studieforbund
- frivillige organisasjonar
- karriererettleiing og etablerarteneste
- andre som arbeider med vaksne si læring (formell og ikkje-formell)
Målgruppe Tilsette i formell og ikkje-formell vaksenopplæring
Kva kan de få støtte til? De kan få støtte til reise og opphald, og kursavgift for følgande aktivitetar:
- Hospitering/reiser til europeisk samarbeidsorganisasjon
- Delta på kurs eller konferansar i Europa
- Invitere ekspert til Noreg
- Prioriterte tema
- inkludering
- integrering av flyktningar
- tilbod til vaksne med grunnskule som høgaste fullførte utdanning
- vaksne med behov for opplæring i norsk
- vaksne som treng påfyll innanfor grunnleggande ferdigheiter, herunder digital kompetanse, kvalifisering av innvandrarar til - - auka deltaking på arbeidsmarknaden og mangfaldsleiing
Land de kan reise til Dei 27 EU-landa samt Island, Liechtenstein, Nord-Makedonia, Serbia og Tyrkia. Det er ikkje naudsynt å vite nøyaktig kor de vil reise på søknadstidspunktet.
Slik søkjer du Fylkeskommunen sender inn ein fellessøknad som de kan delta i. For å bli med sender de inn ein forenkla søknad til oss ved å bruke søknadsskjema.
Søknadsfrist 5.februar 2024.