|GRANTWAY
EN

Søk BIO-midlar til ekstraordinære opplæringstiltak

Vestland fylkeskommune

Share
Favorite
Feedback
Summary
-
25 September 2023
01 October 2024
-
-
-
For profit
Not for profit (incl. NGOs)
Public sector
Vestland
-
Overview

Bedriftsintern opplæring (BIO) skal gå til kompetanseheving av tilsette slik at bedrifta skal klare nødvendig omstilling - enten i form av opplæringstiltak som skal fremme grøn omstilling i bedrifta, eller at opplæringstiltaka fører til digitalisering av bedrifta.

Vestland fylkeskommune lyser ut midlar til bedriftsintern opplæring (BIO). Midlane skal nyttast til kompetanseheving for grøn omstilling og digitalisering i bedriftene. Vi lyser ut 4,3 millionar kroner.

Hovudkrav til søknad

  • At opplæringstiltaka skal fremme grøn omstilling eller digitalisering av bedrifta.
  • At behovet for kompetanseheving i bedrifta er godt grunngjeve.
  • At gjennomføring av opplæringstiltaket har ein tidsplan på under 26 veker. Unnatak må grunngjevast særskild.
  • At tilskotet per deltakar i opplæringa ikkje er over 30 000 kr. Unnatak må grunngjevast særskild.
  • At opplæringstiltaket er eit ekstraordinært tiltak – det vil seie opplæring i samband med innføring av noko nytt i verksemda, eller ei «eingongsinvestering» i overføring av kompetanse mellom tilsette.
  • Opplæringstiltaket kan ikkje starte opp før søkar får eventuell tilsegn, det betyr at kostnadsføring kan ikkje skje utanfor prosjektperioden.

Fylkeskommunen vil også vurdere

  • At tiltaket bidreg til FN sine berekraftsmål
  • At tiltaket bidreg til Berekraftig verdiskaping – Regional plan for innovasjon og næringsutvikling med handlingsprogram 2022-2025
  • Om opplæringstiltaka fremmar sirkulær økonomi
Eligibility
  • Bedrifter kan søke om tilskot til opplæringstiltak for sine tilsette. Vi ser det som ein styrke om fleire bedrifter går saman om søknader og undervisningsopplegg, men ei bedrift må stå som ansvarleg søkar. Tilbydarar av kursing/undervisning kan ikkje søke på vegne av bedrifter viss dei tek betaling for oppdraget.
  • Ikkje-kommersielle aktørar/medlemsorganisasjonar kan stå som søkar på vegne av fleire bedrifter. I søknaden må det stå kva for bedrifter som skal delta.
  • Søkar treng ikkje å vere lokalisert i Vestland, men må kunne dokumentere at tilskotet går til opplæring av tilsette som har arbeidsstad i Vestland.

Innkomne søknadar blir vurdert etter at søknadsfrist er ute, og avdelingsdirektør for næring, plan og innovasjon tek endeleg avgjerd.

I vurdering av søknadar legg vi vekt på at søknad svarar ut hovudkrava til søknad og om den treff nokon av punkta for tilleggsvurdering. Det blir vurdert kor godt søkar grunngjev sitt behov for opplæringstiltaket.

Søknadane som kjem inn blir sett opp mot kvarandre i handsaminga for å sikre at støtta går til dei som svarar best på utlysinga.

Learn more or apply
All information about this funding has been collected from and belongs to the funding organization
22 February 2024