LivOGLyst for lokalsamfunnsutvikling
Vestland fylkeskommune
LivOGLyst er eit program for innbyggjarar i Vestland fylke som vil skape nytt engasjement, trivsel og aktivitet i lokalsamfunna sine. Programmet gir kompetanse innan lokalsamfunnsutvikling og økonomisk støtte til mobilisering og aktivitetar.
Her er alle velkome til å søka –det vere seg bygda sine etablerte eldsjeler eller dei nysgjerrige nytilkomne!
Men det er eit krav at arbeidet må forankrast i lokalsamfunnet med eit frivillig lag/foreining som eigar og leiar av prosjektet. Dette laget må ha eit organisasjonsnummer.
Fleire organisasjonar kan gjerne samarbeide om eit LivOGLyst-prosjekt – det samsvarar ypparleg med programmet sitt fokus på brei mobilisering.
Om du ikkje tilhøyrar ein etablert organisasjon, men tenkjer at LivOGLyst er noko for deg og ditt lokalsamfunn – kontakt din kommune og få hjelp til å starta opp.
Eit frivillig lag/foreining må eige prosjektet Ei arbeidsgruppe på minimum 5 personar skal ha hovudansvar for prosjektet Kommunen eller andre utviklingsaktørar kan vere med som initiativtakar til søknad.