Kulturelt utviklingsprogram
Vestland fylkeskommune
Kulturelt utviklingsprogram er for utviklingsprosjekt og -tiltak innan kunst- og kulturfeltet.
Kulturelt utviklingsprogram (KUP) er eit verkemiddel for større satsingar i kulturlivet i Vestland, og skal støtte nyskapande og målretta utviklingsprosjekt initierte av kulturlivet sjølv.
Kulturelt utviklingsprogram (KUP) er eit verkemiddel for større satsingar i kulturlivet i Vestland, og skal støtte nyskapande og målretta utviklingsprosjekt initierte av kulturlivet sjølv. Programmet skal bygge opp under visjonen i regional kulturplan for Vestland 2023–2035, Kultur bygger samfunn, og hovudmålet i planen: alle skal kunne delta, oppleve og skape.
Programmet skal bidra til å gjennomføre viktige satsingar i Regional plan for kultur og medfølgjande handlingsprogram for 2023–2026. Særleg er satsingar knytt til auka og meir mangfaldig deltaking og for utvikling av samarbeid og nettverk for å byggje og ivareta ein berekraftig infrastruktur for kulturlivet, gjennomgåande og vektlagt.
Kven kan søkje?
- Søkjar og prosjektet sine primæraktivitetar skal vere lokaliserte i Vestland.
- Søkjaren skal vere offentlege eller private organisasjonar/institusjonar med ideelt føremål i sine vedtekne retningsliner. - Registrerte einskildføretak kan også søkje.
- Private einskildpersonar kan ikkje søkje, med unntak av tilfelle der føresetnaden er at det vert etablert ein organisasjon dersom søknaden blir innvilga.
- Kommunar har høve til å søkje, men må dokumentere samarbeid med minst ein aktør frå kulturlivet elles.
Kva kan ein få støtte til KUP kan støtte nye, større regionale satsingar i kulturlivet i Vestland, inkludert nyskapande og målretta utviklingsprosjekt initierte av kunst- og kulturlivet sjølv. Tiltaket/prosjektet må medverke til utvikling av kulturlivet i Vestland.
Prosjekt som får støtte frå kulturelt utviklingsprogram skal stette minst eit av dei fire satsingsområda i planen:
- Vestland – ein leiande region
- deltaking, demokrati og mangfald
- verdiskaping
- kunnskapsutvikling og kunnskapsdeling Søknadene skal gjelde 1–3-årige prosjekt, og vere innanfor virkefeltet kunst og kultur.
Det er mogleg å søkje forprosjekt og hovudprosjekt. Eit forprosjekt kan omhandle konsepteller idéutvikling og kan motta KUP-støtte i 1 år. Om ein søkjer om eit hovudprosjekt skal det ligge føre ein klår prosjektplan, det kan løyvast støtte for 1–3 år.
Alle tilrådde tiltak og prosjekt skal ha regional verdi – geografisk og/eller funksjon.
Om regional verdi Omgrepet regional viser her til to prinsipielle hovudkriterium:
- Geografisk kriterium (geografisk nedslagsfelt og verkeområde): om prosjektet omfattar heile eller større deler av fylket
- Funksjonskriterium (regional funksjon i kraft av oppdrag, storleik, fagleg tyngd, kvalitet og særpreg).
Det vert ikkje gitt støtte til
- ordinær drift og investeringar
- prosjekt som mottek støtte frå andre tilskotsordningar i Vestland fylkeskommune
- reine forskingsprosjekt
- arenaprosjekt/prosjekt som i hovudsak gjeld investering i bygg og anlegg
Krav til søknaden Søknadene skal gjelde 1-3-årige prosjekt, og vere innanfor virkefeltet kunst og kultur.
Det skal søkjast på nettbasert skjema og leggast ved naudsynt utdjuping av denne.
Retningslinjer Les meir om blant anna vurdering, rapportering, saksbehandling og klagerett retninglinjene for Kulturelt utviklingsprogram(pdf).