Kom i gang med forsking i bedrift - FORREGION
Vestland fylkeskommune
FORREGION Vestland skal bidra til at bedrifter brukar forsking til innovasjon, berekraftig verdiskaping, grøn konkurransekraft og klimaomstilling.
FORREGION Vestland tilbyr eit sett med verkemiddel for bedrifter som vil kome i gang med forsking:
- Kompetansemekling: Gratis rådgiving frå ein kompetansemeklar som bidrar til å avklare behov for forsking, moglege finansieringskjelder og aktuelle forskingspartnarar.
- Forprosjektmidlar: Støtte til innleiande forskings- eller utviklingsprosjekt. Godt eigna for bedrifter med lite erfaring med å bruke forsking i verksemda.
- Forskar til låns: Bedrifta får låne ein forskar i ein avgrensa periode for samarbeid om forsking, utvikling og nyskaping.
- Opphald i ein forskingsorganisasjon: Opphald hos ein forskingsinstitusjon for å knyte kontaktar og tileigne seg kunnskap som er viktig for bedrifta.
- FoU-møte: Støtte til å arrangere eit møte med fleire bedrifter for å avklare korleis forsking kan bidra til å løyse felles utfordringar i ei næring.
FORREGION Vestland tilbyr gratis rådgiving gjennom kompetansemekling dersom bedrifta di vil kome i gong med forsking.
Kompetansemeklaren kan hjelpe med å avklare behov for forsking, finne rett finansiering og forskingspartnarar.
FORREGION Vestland tilbyr eit sett med verkemidlar for bedrifter som «Forprosjekt», «Forskar til låns» og «Opphald i ein forskingsorganisasjon». I tillegg vert det arrangert «FoU-møte» for å avklare forskingsbehov knytt til konkrete utfordringar for fleire bedrifter i fylket.
Meir informasjon om dette vidare på denne sida, eller ved å kontakte ein kompetansemeklar.
Om FORREGION Vestland FORREGION Vestland er del av fylkeskommunen si langsiktige satsing på mobilisering til forsking.
FORREGION (Forskingsbasert innovasjon i regionane) er ei del av ei nasjonal satsing med mål å fremme forskingsbasert innovasjon i næringsliv i heile landet. FORREGION Vestland er hovudsakleg finansiert av Kommunal- og distriktsdepartementet, med delfinansering frå fylkeskommunen, Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking.
Samarbeid Fylkeskommunen leiar satsinga og samarbeider med Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking. FORREGION Vestland er også eit samarbeid med næringshagar, inkubatorar, næringsklynger og kapasitetsløftprosjekta om gjennomføring av FoU-møte.
FORREGION Vestland er ei vidareføring av VRI og MobiFORSK i dei tidlegare fylka Hordaland og Sogn og Fjordane.