|GRANTWAY
EN

Hospitering

Vestland fylkeskommune

Share
Favorite
Feedback
Summary
-
Rolling deadline
-
-
-
For profit
Public sector
R&D and Higher Education
Vestland
Education, Skills Building and Training Organizational Support and Development
Overview

Skular og lærebedrifter kan søkje om midlar for å fornye og utvikle kompetanse innan eige fagområde, styrke kompetanse rundt opplæringsrolla og utvikle samarbeidet mellom skule og bedrift.

Ordningane er ein del av den statlege satsinga på kompetanseutvikling innan yrkesfag.

Mål for tilskotsordningane

  • Styrke kompetanse i skular og lærebedrifter ut frå lokale behov
  • Styrke samarbeid mellom skule og arbeidsliv
  • Utvikle kompetanse og bygge nettverk mellom skule og arbeidsliv
  • Sjå yrkesopplæringa i eit 4-årig løp

To ordningar Fylkeskommunale vidaregåande skular i Vestland får tildelt midlar for begge ordningane.

Eligibility

Kven kan få tilskot og korleis gå fram Dei som kan søkje tilskot er instruktørarar/faglege leiarar i bedrifter og yrkesfaglærarar i private og fylkeskommunale vidaregåande skular.

  • Bedrifter: Instruktørarar/faglege leiarar kan få tilskot til å hospitere på ein vidaregåande skule, og få nyttig innblikk i korleis elevane jobbar i skulen etter læreplanar i fagfornyinga. Bruk søknadsskjema (på høgre side).
  • Private vidaregåande skular med yrkesfaglege utdanningsprogram: Yrkesfaglærarar kan få tilskot til å hospitere i ei bedrift for å få oppdatert kunnskap om sitt eige yrke, eller andre yrke i same utdanningsprogram. Bruk søknadsskjema (på høgre side).
  • Yrkesfaglærar i vidaregåande skule kan få tilskot til å få oppdatert kunnskap om sitt eige yrke, eller andre yrke i same utdanningsprogram. Dei fylkeskommunale skulane får tildelt eit tal hospiteringsdagar. Skulen disponera desse fritt innan for ramma 3-10 dagar.

Søknadsfrist Det er ingen søknadsfrist.

Krav til hospitering

  • Hospiteringa må vere på minimum 3 dagar, og tilskotet er kr. 3 500,- per dag (maksimum 10 dagar).
  • Hospiteringa er forankra i leiinga i skule/bedrift - leiar sender eventuell søknad.
  • Det må ligge føre avtale mellom skule og bedrift med plan for hospiteringa.
  • Rapportering på bruk av hospiteringsmidlar har frist 10.februar
Learn more or apply
All information about this funding has been collected from and belongs to the funding organization
27 January 2025