Bedriftsinterne opplæringsmidlar (BIO) til ekstraordinære opplæringstiltak
Vestland fylkeskommune
Midlane skal nyttast til opplæringstiltak som skal gjere bedriftene betre rusta til å gjennomføre omstillingsprosessar i tråd med Berekraftig verdiskaping – regional plan for innovasjon og næringsutvikling sine mål om eit innovativt og grønt næringsliv.
Retningslinjer for BIO-ordninga 2024 Det må ligge eit konkret omstillingsprosjekt til grunn for søknaden, og støtta skal nyttast til å styrke kompetansen blant dei tilsette, slik at bedrifta blir i stand til å iverksette og gjennomføre denne omstillinga.
Dette vil gjelde bedrifter som ønskjer å omstille produksjonen eller produkta i ei grønare retning og bedrifter som inngår i dei nye grøne verdikjedene som treng å setje i verk tiltak for å ta ein posisjon i dei framveksande marknadene.
Hovudmålet i regional plan for berekraftig verdiskaping er at Vestland skal vere det leiande verdiskapingsfylket basert på berekraftig bruk av naturressursar, grøn næringsutvikling og innovasjon. Føremålet med grøn omstilling er å redusere klimautsleppa, bevare naturressursar og biodiversitet, og bidra til ei meir rettferdig og berekraftig framtid for alle.
Sirkulær økonomi blir sett på som avgjerande for at vi skal skape ein region som er i tråd med FN sine berekraftsmål.
Grøn omstilling kan inkludere ei rekkje tiltak, som energieffektivisering, bruk av fornybare energikjelder, reduksjon av avfall og utslepp frå produksjonen, innføring og utvikling av grøn teknologi og infrastruktur, og fremme av berekraftig produksjon og forbruk.
Vi tilbyr potensielle søkarar ein samtale i forkant av søknadsprosessen for å drøfte bakgrunn og behov, vidare avklare om det er att midlar å søke på.
Hovudkrav til søknad
- At opplæringstiltaka skal fremme grøn omstilling.
- At behovet for kompetanseheving i bedrifta er godt grunngjeve.
- At gjennomføring av opplæringstiltaket har ein tidsplan på under 26 veker. Unnatak må grunngjevast særskild.
- At opplæringstiltaket er eit ekstraordinært tiltak – det vil seie opplæring i samband med innføring av noko nytt i verksemda, eller ei «eingongsinvestering» i overføring av kompetanse mellom tilsette.
- Opplæringstiltaket kan ikkje starte opp før søkar får eventuell tilsegn, det betyr at kostnadsføring ikkje kan skje utanfor godkjent prosjektperioden (frå startdato til sluttdato) på 26 veker.
- At tiltaket bidreg til FN sine berekraftsmål
- At tiltaket bidreg til Berekraftig verdiskaping – Regional plan for innovasjon og næringsutvikling med handlingsprogram 2022-2025
Avgrensingar
- For bedrifter som har mottatt BIO-støtte tidlegare, må ny søknad ha nytt fagleg innhald og vere retta mot ny omstilling.
- Bedrifta må vere min. 2 år gammal.
- Søkar treng ikkje å vere lokalisert i Vestland, men må kunne dokumentere at tilskotet går til opplæring av tilsette som har arbeidsstad i Vestland.
- Bedrifter kan ikkje delta i fleire BIO-finansierte prosjekt samstundes.
Satsar og utbetaling
- Maksimal støtte er 250 000 kroner og maksimalt 40 000 kroner per deltakar i opplæringa.
- Det er krav om eigenfinansiering på 30% av totalkostnadane for små bedrifter, 40% for mellomstore bedrifter og 50% for store bedrifter.
- Delutbetaling, avgrensa inntil 75% av tilskotet, kan vurderast ved særskilde behov. Til vanleg blir tilskotet utbetalt etter at opplæringa er ferdig og rapport er godkjent.
Vurdering og avgjerd
- Søknadsfristen er løpande. Søknadar vert handsama så lenge det er midlar att i ordninga. Siste frist for innsending av søknadar i 2024 er 1.oktober.
- I vurdering av søknadar legg vi vekt på at søknad svarar ut krava i utlysinga. Det blir vektlagt kor godt søkar grunngjev behovet for opplæringstiltaket. Det kan løyvast midlar til opplæringstiltak innan digitalisering dersom dette inngår som ein del av arbeidet med å omstille bedrifta i ei grønare retning.
- Direktør for næring, plan og innovasjon tek endeleg avgjerd.