Kompetanse- og tenesteutviklingstilskot
Statsforvalteren i Vestfold og Telemark
Tilskot til kompetansehevande tiltak og utvikling av tenestene med mål om å redusere mangelen på personell med relevant fagutdanning og legge til rette for ein bærekraftig omsorgsteneste.
Nytt søknadsskjema for 2024 finn du under «Dokument». Regelverket er det same som i 2023.
Les meir om tilskotet på heimesida til Helsedirektoratet.
Søknader og rapportering skal gå elektronisk til vårt postmottak: sfvtpost@statsforvalteren.no Merk at dette ikkje skal gå direkte til kontaktpersonane.
Søknadsfrist 15. mars 2024
De kan rekne med å få svar på søknaden innan 24. juni 2024.
Kva kan tilskotet gå til?
Grunn- og vidareutdanning, alle nivå Praksisplassar i omsorgstenesten Statleg ABC-opplæring Opplæring brukarstyrt personleg assistanse (BPA), i tråd med kommunen sin opplæringsplan Desentraliserte studier Tenesteutviklingsprosjekt, inntil 5 prosjekt Opprette og teste modellar for fleksible kommunale avlastingstilbod for pårørande. Andre tildelingskriterium, prioriteringar og regelverk for ordninga kan du lese om på nettsida til Helsedirektoratet og i brevet frå Statsforvaltaren.
Rapportering for tilskot motteke i 2023 Frist for å rapportere på tilskot motteke i 2023 er sett til 15. februar 2024. Sjå eigen artikkel om rapporteringa (lenke)