ETABLERINGSPROGRAM
Sogn og Fjordane musikkfond
Sogn og Fjordane musikkfond er eit fond som tilbyr støtte til artistar og andre aktørar i musikknæringa som er knytt til Sogn og Fjordane. Midlane kjem frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Tenester vert levert av samarbeidspartnarane OnCue Music Productions AS, Vestnorsk Filmsenter og Malakoff Rockfestival. Fondet er etablert og administrert av Brak og støttar innspelingsprosjekt, turnear og arrangørsamarbeid. I tillegg administrerer SOMU eit utviklingsprogram og eit etableringsprogram.
Etableringsprogrammet er eit tilbod for dei som vil etablere bedrift innan musikknæringa t.d. studio, plateselskap, scene, festival eller bookingbyrå i Sogn og Fjordane. Programmet skal gje nødvendige råd og verktøy for å komme i gang. Dette skal være ei lågterskelordning for å konkretisere og vidareutvikle ein idé og legge grunnlag for vidare arbeid. I søknaden skal det leggast ved eit budsjett for første driftsår inklusiv oppstartskostnadar.
Programmet vil bli tilpassa den enkelte sitt behov, men kan til dømes innehalde:
økonomirådgiving
søknadsrådgiving
pr- og marknadsføringsrådgiving
design- og profilrådgiving
deltakelse på bransjetreff
Musikkbransjen er per i dag ikkje stor i Sogn og Fjordane og vi ser få nyetableringar. Med dagens strukturar og teknologi er det ikkje lenger umogleg å drive med denne type næring der ein bur. Fondet ynskjer å være ein pådrivar for at vi skal sjå fleire etableringar i åra som kjem.