kontantkassa
Ålesund kommune
Share
Favorite
Feedback
-
Rolling deadline
NOK2,400
-
-
Individuals
Møre og Romsdal
Overview
Kontantkassa er ei tilskotsordning som skal gjere det mogeleg for alle barn og unge å delta i minst ein organisert fritidsaktivitet, uavhengig av familien sin sosiale eller økonomiske situasjon.
- Kontantkassa er ei ordning, der du kan søkje om tilskot til minst ein organisert fritidsaktivitet.
- Ordninga gjeld for barn og unge i alderen 6-18 år bosett i Ålesund kommune, og gjeld så langt midlane rekk.
- Nytta midlar kjem frå Møre og Romsdal idrettskrets og Ålesund kommune.
Eligibility
Dei som kan søkje om tilskot er:
- Lag/foreining, som idrettslag, korps, kor, lokallag, kulturskule og andre.
- Tilsette i kommunen, som helsesjukepleiar, miljøterapeut, lærar, barneverntenesta og andre.
Barnet eller familien kan ikkje søkje sjølv.
- Søkjaren må vurdere om familien er i ein slik situasjon at eit bidrag frå kontantkassa vil vere avgjerande for deltaking på aktiviteten eller ikkje. Det er barnet/familien sin situasjon som er avgjerande. Kontantkassa er ikkje meint som hjelp til lag og foreiningar som har utfordringar med å få inn kontingentar.
- Den som søkjer har ansvar for å følgje opp at barnet/ungdommen tek del i i aktiviteten det er søkt tilskot til.
- Vi ønskjer at det er to personar som er knytt til barnet/ungdommen som går god for søknaden. Den som søkjer skal hjelpe barnet til å hugse på å kome seg til aktiviteten. Oppfølging kan også innebere å sjekke at kontingenten er betalt eller liknande.
Det vert gjeve tilskot til:
- Kontingent/semesteravgift
- Turnering/cup
- Leir
- Lommepengar
- Utstyr for deltaking i fritidsaktivitetar
- Reiseutgifter til trening, t.d. busskort
Learn more or apply
All information about this funding has been collected from and belongs to the funding organization
22 January 2025